• Heim
  • Om oss
  • Kontakt
  • Søk
  • Menu Menu

IUA – Sogn og Sunnfjord

Beredskap mot akutt forureining

Akutt forureining blir definert som “forureining av betydning som inntrer plutseleg og som ikkje er tillatt”. Kva som er forureining følgjer av forureiningslova § 6. Krav til beredskap mot akutt forureining er gitt i forureiningslova kapittel 6.

Ved akutt forureining skal næraste 110-sentral varslast.

Den som driv verksemd der akutt forureining kan oppstå pliktar å ha ein beredskap for å bekjempe utslepp. Forureinar er alltid ansvareleg for å rydde opp og iverksette tiltak for å stogge, fjerne eller avgrense forureininga. Den ansvarlige pliktar også å treffe tiltak for å avbøte skadar og ulemper som følgje av forureininga eller av tiltaka for å motvirke den.

Forureinar er ansvarlig for hendinga. Ansvaret kviler på forureinar sjølv om kommunen (IUA) eller staten (Kystverket) aksjonerar mot akutt forureining, då alle tiltak som blir iverksette blir gjort på vegne av ansvarleg forureinar.

For meir informasjon sjå:

Forurensningsloven kapittel 6 • Forurensningsforskriften kapittel 18A • Kommunal beredskap mot akutt forurensning – veiledning til dimensjonering

MEDLEMSKOMMUNAR

Forskrift om kommunal beredskap mot akutt forureining stiller krav om at alle kommunar i Norge skal samarbeide om beredskapen mot akutt forureining. Totalt er alle kommunar delt inn i 32 beredskapsregionar, såkalla interkommunale utval mot akutt forureining (IUA).

IUA-region Sogn og Sunnfjord er samansett av 11 kommuner: Askvoll, Aurland, Fjaler, Høyanger, Kinn, Luster, Lærdal, Sogndal, Sunnfjord, Vik og Årdal.

IUA Sogn og Sunnfjord er i dag organisert som eit interkommunalt samarbeid, der administrasjonskommune er Kinn kommune.

IUA Sogn og Sunnfjord

  • Vi strekkjer oss fra ytterst i havgapet til innerst i Sognefjorden.
  • 11 medlemskommunar.
  • Samla innbyggartal 78 054 (2022).
  • Areal: 12 661 km2.
  • Vertskommune: Kinn kommune.
  • Operativ leiing: Kinn Brann og Redning.
  • Depot Askvoll: Sjøbasert
  • Depot Florø: Hovedlager og kjemikalieutstyr. Sjøbasert. Veg, industri og sjø.
  • Depot Førde: Hengar og kjemikalieutstyr. Veg og industri.
  • Depot Høyanger: Sjøbasert
  • Depot Leikanger: Sjøbasert
  • Depot Lærdal: Hengar og kjemikalieutstyr. Veg og industri.
  • Depot Sogndal: Hengar. Veg og industri.

Nokre reelle hendingar som har trigga IUA i Sogn og Sunnfjord

  • 600 liter Isocyanat lak ut i produksjonlokale.
  • 56 000 liter olje på sjø ved oljebase.
  • 28 tonn aluminiumslagg på trailer velt i elv.
  • 2000 liter ammoniakk lak ut i tettsted.
  • Server forlis.
  • Kontaktadresse:

    IUA Sogn & Sunnfjord
    co/ Kinn Brann og Redning,
    Kinn kommune
    Postboks 294, 6701 Måløy

  • Ved akutt forureining:

    RING 110

  • E-post:

    robert.endestad@kinn.kommune.no

© Kopirett - iuasosu.no - PERSONVERNERKLÆRING - Webutvikling A til Å
Scroll to top