VED AKUTT FORUREINING
RING 110

IUA – Interkommunalt Utval mot Akutt forureining

BEREDSKAP FOR Å VERNE DET YTRE MILJØ MOT FORUREINING, OG REDUSERE EKSISTERANDE FORUREINING

Forureiningslova pålegg kvar kommune å ha nødvendig beredskap mot akutt forureining. Kommunane pliktar å verne det ytre miljø mot forureining og å redusere eksisterande forureining, samt å fremje ei betre behandling av avfall. Lova skal sikre ein forsvarlig miljøkvalitet, slik at forureiningar og avfall ikkje fører til helseskade, går ut over trivselen eller skadar naturen si evne til produksjon og sjølvfornying.

Kommunal beredskap innbefattar ein beredskaps- og aksjonsplikt overfor mindre tilfelle av akutt forureining innanfor kommunane sine grenser som ikkje er dekka av privat beredskap og der forureinar ikkje sjølv er i stand til å aksjonere eller der forureinar er ukjent. Kommunane er pålagt samarbeid om beredskap gjennom IUA. Midt-Norge IUA skal bidra med eit langsiktig og heilheitleg perspektiv som styrkar den kommunale beredskapen mot akutt forureining i heile regionen.

Varsling av akutt forureining

Alle som oppdagar akutt forureining pliktar å varsle dette på nødnummer 110 (brannvesenet). Dette gjeld også dersom utsleppet er på privat område.

For fartøy til havs varslar ein næraste kystradio eller Hovedredningssentralen (HRS).

RING 110